Satsar

Møre og Romsdal fylkeskommune følgjer rammeavtalen inngått av KS og Musikernes fellesorganisasjon (MfO). Det vil sei at det kun er mogleg å ha arbeidsforhold som oppdragstakar (sjølvstendig næringsdrivande), eller vere hyra gjennom ein institusjon. Dei same prinsippa for honorering bør òg gjelde som retningslinjer for kommunane sitt lokale arbeid med Den kulturelle skulesekken.

 Rammeavtale gjeldande vilkår for oppdragstakarar i Den kulturelle skulesekken i fylkeskommunar og kommunar 

REISEDAGAR - REISE TIL OG HEIMREISE

Det blir ikkje utbetalt honorar for reisedagar i forkant av turné (innreise), berre for dagar midt i ein turné (vekedag eller helg) som heilt eller delvis må tilbringes på reise eller på hotell. 

Unntak: Innreise der utøvar sjølv lastar og fraktar alt av teknisk utstyr til turnéen, der reisetid overstiger 7 timer i forkant av turnéen. Dette må avtalast med arrangør på førehand. 

Heimreise: Det blir ikkje gitt ekstra honorar for lang heimreise. 

Turnére åleine: På turnéer der utøvar reiser og speler/formidlar åleine, jf. pkt. 12, underpunkt 1 og 2, skal utøvar ha eit tillegg i honoraret, jf. pkt. 4, på 20 %. Dette gjeld kunstuttrykka scenekunst, konsert og dans. 

Helg: Om utøvar sjølv vel å ikkje dra heim i helga midt i ein turné dekkes berre overnatting.