Rutinar for bestilling av skyss
Vi dekkjer utgifta om elevane treng transport til visningsstaden.
Skulen bestiller og organiserar naudsynt skyss sjølve. Sjekk turnéplana om det er mogleg med felles buss for fleire skular. Sjekk også om det er mogleg å ta rutebuss.
Busselskap eller anna transportør skal sende faktura til fylkeskommunen. Faktura må merkast med namn på aktuell turné og skule.
Referanse: 50000- Den kulturelle skulesekken- Namn på turnè- Namn på skule
Faktura/reiserekning skal sendast:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Fakturamottak
Postboks 2500 Fylkeshuset
6404 MOLDE
eller per e-post til okonomi@mrfylke.no
Organisasjonsnummer for EHF-faktura: 944 183 779