For kommunen

Kommunekontakten

Kvar kommune i Møre og Romsdal har ein kommunekontakt for grunnskulane. Denne har overordna ansvar for utvikling og samordning av arbeidet med Den kulturelle skulesekken i sin kommune. Kommunekontakten er ein særs sentral samarbeidspart for Kulturformidlingsseksjonen i arbeidet med Den kulturelle skulesekken.

Kommunekontakten sine arbeidsoppgåver:

- Utarbeiding av kommunal plan for Den kulturelle skulesekken og rapportering.

- Deltaking i det kommunale Kulturforum.

- Koordinering av DKS-tilboda i kommunen, t.d. ansvar for leige av kulturhus/kino.

 -Oppfølging av kulturkontaktane, t.d. samordne bestilling av kulturlaug.

- Møter med kulturformidlingsseksjonen.

- Informere kulturformidlingsseksjonen om kommande strukturendringar i skuleverket.

- Koordinere påmelding til Konferansedagar for Den kulturelle skulesekken.

- Deltaking på Konferansedagar for Den kulturelle skulesekken.