Kommunal plan for Den kulturelle skulesekken

Kvart år mottek Møre og Romsdal fylkeskommune spelemidlar som skal finansiere drift av Den kulturelle skulesekken. 1/3 av spelemidlane skal gå til kommunane i fylket, og midlane vert fordelt etter en fordelingsnøkkel knytta til elevtal i kommunane og kompensasjon for geografiske forhold.

Kommunane skal lage ein årleg plan for bruk av midlane, og levere rapport for kvart gjennomførte år. For alle kommunar som har ei tildeling på meir enn 25 000 kroner, skal planen vere utarbeidd og vedteke i eit kulturforum. 
Kommunekontakten for DKS har ansvaret for møter i det lokale kulturforumet. Her møter kommunekontakten skulane sine kulturkontaktar og til dømes ansvarleg for UKM, og eventuelt frittståande utøvarar og lokale institusjonar. Slike institusjonar kan vere kulturskolar, museum, kinoar, kyrkjer, folkebibliotek osb.

Midlane skal bli brukt til profesjonelle kunst - og kulturtilbod for barn og unge innan musikk, scenekunst, kulturarv, film, litteratur og visuell kunst.
Pengar frå den lokale DKS-potten kan nyttes til å bestille tilbod som skolane har søkt om frå Kulturlauget.


Arbeidet med Den kulturelle skulesekken i kommunen skjer etter nasjonale føringar som vert gitt i tildelingsbrevet til Kulturtanken. Måla er like på nasjonalt, regionalt og lokalt plan, og seier at Den kulturelle skulesekken skal:

- medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod

- leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag

- medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål

Mål og prinsipp for satsinga er nedfelt i Stortingsmelding nr. 8 (2007-2008):

Kulturell skulesekk for framtida