Koronavirus
Informasjon 22.04.2020:
I tråd med det som nasjonale smittevernmyndigheter har tilrådd og bestemt, avlyser Den kulturelle skolesekken i Møre og Romsdal alle turnéar ut skoleåret.
Vi ber om at skolar som har bestilt busstransport avbestiller dette så snart som mogleg.
Alle kommunar og skolar må også avbestille kulturhus og andre lokale som er bestilt til framsyningar ut skoleåret.
Når det gjeld neste skoleår og turnéar til hausten ventar vi på retningslinjer om korleis små og store arrangement kan gjennomførast.
Dette kjem vi tilbake til etter kvart som tilrådingane blir bestemt.
Eventuelle digitale tilbod som blir tilgjengelege vil vi dele med dykk.
Vi bed om at alle dette gjeld i kommunen/skolane får denne informasjonen.
Informasjon før påske:
Møre og Romsdal fylkeskommune iverkset diverse tiltak for å begrense smitte av koronaviruset.
Eit av tiltaka er å avlyse alle DKS-turnéar frå 12. mars til 30. april. Ny vurdering for resten av skuleåret vert gjort etter påske.
Vi bed om at alle dette gjeld i kommunen/skulane får informasjon om dette.
Les meir om det her: https://mrfylke.no/nyheiter/koronaviruset-stopp-for-reiser-og-innstramming-av-moete-og-arrangement