Avlysing av turnéar ut resten av skoleåret - tiltak for å avgrense koronasmitte
Informasjon 22.04.2020:
Alle DKS-turnéar for resten av skoleåret 2019-2020 blir avlyst.Dette gjeld både i grunnskolen og vidaregåande skole.
Møre og Romsdal fylkeskommune vil utbetale avtalte honorar i samsvar med kontrakt til alle utøvarar det er inngått kontrakt med i denne perioden.
DKS-administrasjonen vil avbestille alle reiser, hotell, leigebilar osb. som er gjort i samband med turneane.
Informasjon før påske:
I samband med den pågåande situasjonen med Koronaviruset har Møre og Romsdal fylkeskommune iverksett diverse tiltak for å bremse smitte av kornoaviruset.
Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for ei rekke større arrangement i regi av Den kulturelle skolesekken i grunnskolane og dei vidaregåande skolane. 11. mars 2020 vart følgande tiltak sett i verk:
1: Alle DKS-turnéar blir avlyst frå 12. mars til 30. april 2020. Dette gjeld både i grunnskolen og vidaregåande skole.
2: Ny vurdering for resten av skoleåret vert gjort etter påske.
3: Møre og Romsdal fylkeskommune vil utbetale avtalte honorar i samsvar med kontrakt til alle utøvarar det er inngått kontrakt med i denne perioden. Dersom situasjonen med smitte roar seg i løpet av perioden, kan det verte aktuelt å ta opp igjen aktiviteten. Dersom utøvarar som har kontrakt med Møre og Romsdal fylkeskommune planlegg å ta andre oppdrag i perioden 12.mars – 30. april, må dette avklarast med fylkeskommunen på førehand. Fylkeskommunen vil i desse tilfella vurdere avkorting av honorara.
4: DKS-administrasjonen vil avbestille alle reiser, hotell, leigebilar osb. som er gjort i samband med turneane.