Kva er Den kulturelle skulesekken?
Den kulturelle skulesekken er kjernen i regjeringa sin politikk for kulturformidling til barn og unge. Ordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom kultur- og opplæringssektoren på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå, og omfattar alle skular i Noreg. Kvart år sørger Den kulturelle skulesekken for at alle elevar i grunnskulen og vidaregåande skule får oppleve musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, film og visuell kunst med profesjonelle utøvare. Kulturtanken- Den kulturelle skulesekken Noreg har det nasjonale ansvaret for ordninga. Les meir om ordninga på Kulturtanken si nettside.
Kva gjer fylkeskommunen?
Den kulturelle skulesekken i Møre og Romsdal administreres av Kulturformidlingsseksjonen ved fylkeskommunen, og arbeidet skjer etter nasjonale føringar slik dei er formulert i stortingsmelding nr. 8 «Kulturell skulesekk for framtida».
Fylkeskommunen står for regional koordinering og programmering av ordninga, og her ligger óg ansvar for å sikre kvaliteten på tilbodet. Kommunane har i tillegg moglegheit for å utvikle eigne program.
Kvar kjem pengane frå?
Den kulturelle skulesekken vert finanisert av overskot av spelemiddel frå Norsk Tipping AS. Kulturtanken fordeler midla til fylkeskommunane. Fylkeskommunane fordelar tilskot vidare til kommunane i sitt fylke etter ein fast fordelingsmodell:
1. Fylkeskommunen forvaltar ein tredel sjølv.
2. Minst ein tredel av midlane til grunnskulen vert fordelt vidare til kommunane.
3. Fylkeskommunen vedtek i dialog med kommunane fordeling av den siste tredelen
slik det er mest hensiktsmessig i det enkelte fylket.
Møre og Romsdal fylkeskommune er no inne i ein prosess for å finne ut korleis ein skal fordele el. bruke den siste tredelen. Dette skjer blant anna gjennom nettverksmøter med kommunane våren 2019.
Alle spelemidla skal gå til kunst og kultur, og fylker og kommunar tek difor hand om administrasjonen av ordninga sjølv. I tillegg legg mange fylkeskommunar og kommunar også i ekstra middel til produksjon av kunst og kultur. Den samla økonomien til Den kulturelle skulesekken er difor langt større enn potten med spelemiddel.