Tilbake
Stiftinga Sunnmøre museum
Stiftinga Sunnmøre museum
Stiftinga Sunnmøre museum
Skriv ut

Båten og mennesket

Kulturarvformidling gjennom handgripeleg og sansbar aktivitet, gir kunnskap om korleis ein bygger opne tradisjonsbåtar.

Ved hjelp av eit byggesett i full skala, vil elevane få ei nærare innføring i bygging av den gamle sunnmørsbåten, Snidbetningen. Båttypen vart i hovudsak bygd og brukt på Sunnmøre, men førekom også i Romsdalen.

Elevane får prøve ulike handverksteknikkar; sansing av form gjennom å sjå, kjenne og føle. Formoppnåing gjennom bruk av øks, sag, høvel, båttvinge, navar, borrevinde, tollekniv og klinkeverktøy.

Arbeidsmetode i produksjon: Forholdstal (lengde/breidde/dybde), kroppsmål (alen, tomme, favn), arbeidsbenk (forsete), montering i jigg (bøying / vriding med sparrer og skorder, skruing, trenagling).

Båten vert bygd etter tradisjonsboren kunnskap der byggekodeksen er høvestal og kroppsmål.

Lærerettleiing finn du lengre nede på sida.

Lærarrettleiing

Last ned:
Kompetansemål og praktisk informasjon

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe