Tilbake
Teodor Kittelsen
Olaus Magnus
Guri Aasen
Skriv ut

Djupdykk blant mystiske vesen i Blåmyra

Det er ikkje fast fisk alt som rører seg i sjøen, eller berre kverna som mel på havsens botn.

Gjennom ein times djupdykk får tilhøyrarane stifte kjennskap med eit engere utval av dei underlege, trolske og fryktinngytande skapningane vi må ut i det ville havgapet på Sunnmørskysten for å få auge på.  Slike som Kraken, Draugen, Havbokkjen, Marmælen, Margygra og fleire til.

Ispunne vitnesbyrd om truverdige sjøfolk sine møte med desse underlege og mektige skapningane, får publikum og lære litt av kvart om gamle merke på godt og ringt fiske, og om magi som fremjar lukke eller kan føre til ulukke til havs.

Visste du til dømes at blodpølse er stormmat? Greit å vite i tilfelle det skulle havne ei slik i nistedåsen neste gong du skal ut i båt!
Segntradisjonane og folketrua om dei løyndomsfulle kreftene tilknytta det blå djupet har vore levande blant kystfolket heilt opp til vår nære fortid.  For å rå med naturkreftene har det å kunne lese merka i naturen, veret, vinden og sjøen til alle tider vore livsviktig kunnskap i kystfolket sin kamp for tilveret. Ein kunnskap vi moderne menneske óg kanskje har noko å lære av?

Kraftfulle historier er det i alle fall, så velkomen til ein time med
garantert sjøgong. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Forteljar Guri Aasen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Guri Aasen er utdanna førskulelærar med mellomfag i Teater for barn og halvårseiningar i Barnelitteratur med drama samt Munnleg forteljing ved Høgskulen i Oslo. Ho har ei brei arbeidserfaring frå skuleverket, og m.a. som kultururkonsulent i St. Hanshaugen bydel i Oslo og dagleg leiar i Herøyspelet. I dag arbeider ho som frilans kulturaktør/forteljar. Som forteljar har ho sett opp ei rekkje framsyningar, åleine og saman med andre forteljarar, skodespelar og musikar. Framsyningane spenner frå folkeeventyr til segner og mytologi, og har vore retta mot tilhøyrarar/ grupper i “ alle aldrar”, frå barnehage til næringsliv.