Tilbake
Tingh
Skriv ut

DKS-konferanse 2019 - LARM

Natalie Sandtorv og Møremusikarane presenterer LARM og Lyden av Møre og Romsdal
Med ein miks av electronica, progrock, jazz og folkemusikk, byr LARM på musikalsk nyskaping. 

All musikk er nylaga i samband med prosjektet, og dei 10 musikarane presenterte dette på spelestader i Volda, Ålesund og Molde hausten 2018.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Møremusikarane og Natalie Sandtorv
  • Produsent: Musikarane, eit særskild ansvar har Bjørnar Myhr hatt.
  • I samarbeid med: Dette er eigenprodusert av Møre og Romsdal fylkeskommune v/prosjektleiar Erlend Bilsbak.
  • Idé/ opplegg: Møre og Romsdal fylkeskommune v/prosjektleiar Erlend Bilsbak og Møremusikarane.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Musikarar frå heile fylket
LARM-prosjektet involverer alle dei ni faste musikarane i Møremusikarordninga og songaren/komponisten Natalie Sandtorv. Natalie er omtalt av Sunnmørsposten som «Sunnmøres Robyn», og var nyleg aktuell som opningsartist på Jugendfest. Der var ho i selskap med artistar som Sigrid, Alan Walker, MØ, Cezinando og Astrid S. I 2017 fekk Natalie kunstnarstipend frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Møremusikarane er Møre og Romsdal fylkeskommune si distriktsmusikarordning. Målet med ordninga er å vere med på å løfte fylket sitt musikkliv til nye høgder, ved å leige ut profesjonelle musikarar og gjennomføre prosjekt, som LARM. Besetninga består av både klassisk og rytmisk skolerte musikarar, og måler difor med brei pensel når dei skal finne  den musikalske identiteten til Møre og Romsdal. I musikken finn ein element av alt frå electronica, progrock, jazz og folkemusikk meisterleg sydd saman av Natalie Sandtorv og Møremusikarane.