Tilbake
Runar Tafjord
Anderas Altermark
Skriv ut

Filmverkstad

Gjennom fire timar får elevane høve til å bli meir medvitne dei muligheitene som film gir. Målet er å inspirere dei til sjølvstendig utforsking av filmmediet.

Verkstaden skal syne korleis elevane, ved hjelp av eige utstyr,  kan lage film utan at det kostar noko. Gjennom verkstaden vil eleven kún nytte eigne mobiltelefoner og datamaskiner.

Kurset tek føre seg dei  mest grunnleggande trekka innan filmarbeid og viser elevene vegen mot eit ferdig produkt. Elevane skal utarbeide filmar, frå ide til ferdig produkt. Målet er at dei skal sitte igjen med nyttig kunnskap om film og filmproduksjon.

Det blir lagt vekt på korleis ein kan bruke film i skulekvardagen. I tillegg får skulane ei hjelpande hand med å nå måla innan digital kompetanse.

Verkstaden avsluttar med premiere på filmane elevene har laga.

Nettstaden filmhjelp.no er ein open ressurs som skulene gjerne må bruke både før og etter verkstaden.. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Filmhjelp.no
  • Idé/ opplegg: "Filmhjelp.no - verkstad" og heimesida Filmhjelp.no er utvikla av Firda Mediesenter i samarbeid med DKS i Sogn og Fjordane.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Andreas Altermark er teaterinstruktør, filmregissør og produsent i eit filmselskap. Til dagleg arbeider han som dramalærar, og er utdanna dramapedagog frå Høgskolen i Bodø.

Runar Tafjord er fjernsynsfotograf og klipper. Han har jobbet flere år som fagansvarlig for film og TV på videregående skole, i NRK som videojournalist og har gjort oppdragsfilm som frilanser. Runar har sin medie- og fjernsynsutdanning fra NTNU i Trondheim.