Tilbake
Skriv ut

PEACETU STREET ART WORKSHOP

Eit dagskurs med PEACETU vil gi ein introduksjon til street art og inkluderer studie av metodar og stil. Elevane får lære seg sprayteknikk og prøve seg på sjablong graffiti, og saman med kunstnaren være med å utsmykke ein vegg på skulen eller i nærområdet.

Egnar seg best for gjennomføring i august, september, oktober, november, mars, april, mai eller juni.

Spraymalinga er vannbasert og miljøvennlig.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Peacetu

Om kunstnar / utøvar / gruppe

PEACETU er kunstnernavnet til den brasilianske street artisten Rodrigo Vitorio Lisboa (1977).

Han vaks opp i Salvador (3. største by i Brasil) der han tidlig starta å utforske graffitikunsten.

Rodrigo operer i ulike former inspirert av street art og arbeider med både store veggar, skulpturar og lerret. Han har lang erfaring som kunstnerisk leder for barn og unge både i Brasil og Norge.  Han har en Bachelor i Produktdesign fra Høgskolen i Oslo og Akershus.

Skuleåret 2015/16 var fylt med turnear på skular i mellom anna Oppland, Hedmark, Akershus, Østfold, Vestfold, Trondheim og Troms i tillegg til Miniøya og Mela-festivalen i Oslo.