For skulen

Kulturkontakten

Kulturkontakten på skulen er den viktigaste brikken for at Den kulturelle skulesekken skal kunne skape positive opplevingar for både elevar og lærarar. 
 
Samspel og informasjonsflyt er nøkkelord for dette arbeidet, og er avgjerande for kor vellukka innhaldet i Den kulturelle skulesekken blir. Difor har vi laga ei "kokebok" med ansvarsfordeling, sjekklister og forventningar til kva skulen skal bidra med. Kokeboka finn de som lenke her.

Kulturkontaktens oppgåver i korte trekk: 

- Vere hovudkontakt for skulen sitt DKS-tilbod 

- Halde seg oppdatert på nettsida og eiga e-post.

- Oppdatere elevtal, timeplanar, og skulen sin kontaktperson i KSYS. Sjå også til at teknisk informajon om spelelokale stemmer, og legg til nye spelelokale, om aktuelt.

- Melde frå til Kulturformidlingsseksjonen om det vert endring i kven som er skulen sin kulturkontakt.

- Informere elevar og kollegaer om tilboda som kjem, slik at dei er førebudde.  

- Om det skal gjerast for- eller etterarbeid, må dette gjes informasjon om til lærare på aktuelle trinn. 

- Leggje dato og tid for besøk inn i skulen sine planar. 

- Om spelelokale er ein annan stad enn skulen; sjå til at det er organisert transport av elevane.

  (Sjå rutinar for bestilling av buss her

- Lese gjennom fremsyninga sine tekniske krav til lokale, og sjå til at dei er er møtt. 

- Leie grupper med elevarrangørar, om aktuelt. 

- Sjå til at utøvare blir teke godt imot når dei kjem. 

- Leggje til rette for ei god oppleving for både elevar, lærare og utøvare. 

- Gje tilbakemeldingar etter fremsyningane/lauga.