mr

Kultursekk for Barnehage

Fram til utgangen av 2015 var 15 kommunar med i pilotprosjektet Kultursekk i barnehagane. Frå 1.1.2016 aukar dette til 23 kommunar. Barnehagane mottek profesjonelle kulturopplevingar etter mal frå Kultursekken i grunnskolen, med to tilbod per år.

Tilboda var fram til 1.8.2015 delt opp i to målgrupper; 0 - 3 år og 4 - 5 år.  Frå 1.8.2015 blei målgruppa frå 0 - 3 år tatt bort, medan tilbodet til målgruppa mellom 4 - 5 år held fram.

Møre og Romsdal fylkesommune samarbeider med Rikskonsertane om prosjektet Kultursekk i barnehagane, og kommunane betalar ein eigendel på 60,- pr barn for deltakinga.

Kvar barnehage skal ha ein kontaktperson for prosjektet. Informasjon om dei ulike produksjonane finn de i produksjonsoversikta på denne lenka.

Tilbodet for kommande sesong vil bli sendt ut til barnehagane rett etter sommarferien, og nettstaden www.kultursekken.no vil da også vere oppdatert
 

 

Sah - Ei reise i rytmer, glede og bevegelsar

Sah - Ei reise i rytmer, glede og bevegelsar