mr

KULTURLAUGET 2017-2018

De kan no bestille verkstader for neste skuleår!

Hege Merethe Gagnat @ Møre og Romsdal // 03.03.17

Kvar kommune mottek midlar frå Kultursekken som skal bli brukt til lokale, profesjonelle kulturtiltak. Det er kommunen sin Kultursekk-kontakt som koordinerer dette arbeidet saman med skulane.
Skulane kan bruke av desse midlane til å bestille verkstader.

Bestillingsfrist er 31.03.2017, og vi gjer merksam på at bestillinga er bindande.

Bestiling av verkstadene frå ÅLESUND KULTURSKULE er med atterhald.

Profesjonelle kunstnarar og kunstpedagogar er på nytt klare til å lære elevar i Møre og Romsdal å utfolde seg innan kulturfaga!
Ønskjer de at elevane skal lære seg å rappe, lage dokumentarfilm eller kanskje lage musikkvideo? Få opplæring i hiphopdans, teater eller animasjon? Kulturlauget har eit variert tilbod for kulturaktive elevar!

Verkstadane er produsert og formidla både av Kultursekken og av kulturskolar i fylket vårt.


Dette er lista over verkstadene de kan bestille. Klikk på namnet for meir informasjon. Merk at nokre kun kan bestillast av enkelte kommunar. 

Verkstader for barneskulen (1.-7.trinn):

Puls - 1.-2.trinn - Molde kulturskole - kan bestillast av skular i Vestnes, Rauma, Midsund, Eide, Nesset, Molde, Fræna, Aukra og Gjemnes.

Morgenfugl og Murmeldyr – 1.-3.trinn - Annette Saugestad Helland

Den gamle kofferten - 1.-4.trinn - Olla Rypdal

Det blå egget, teaterverkstad - 1.-4.trinn - Olla Rypdal

Gamle sangleikar og gokarsstykke, Ålesund Kulturskole - 1.-4.trinn

Tor med hammeren, 1.-4.trinn - Olla Rypdal og Anne Hungnes

Animert spenning - 1.-7.trinn - Vestnes kulturskole 

Bronsealderkoffert - 1.-7.trinn -  Musea i Møre og Romsdal

Inn i musikken - 1.-7.trinn - Molde kulturskole - kan bestillast av skular i Vestnes, Rauma, Midsund, Eide, Nesset, Molde, Fræna, Aukra og Gjemnes.

Steinalderkofferten - 1.-7.trinn - Musea i Møre og Romsdal

Frå fabel til forestilling - 3. - 4. trinn - Ålesund Kulturskule - kan bestilles av kommunar på Sunnmøre + Vestnes

Korverkstad - 3.-6.trinn - Molde kulturskole - kan bestillast av skular i Vestnes, Rauma, Midsund, Eide, Nesset, Molde, Fræna, Aukra og Gjemnes.

Liten? Jeg? Langt ifra! - 3.-5.trinn - Molde kulturskole - kan bestillast av skular i Vestnes, Rauma, Midsund, Eide, Nesset, Molde, Fræna, Aukra og Gjemnes.

Utanforverda - 3.-7.trinn - Vestnes kulturskule

Det var ein gong (ein eventyrmusikal) - 5.-7.trinn - Ålesund kulturskule - kan bestillast av skular på Sunnmøre og i Vestnes

Digital teikning - 5.-7.trinn - Frost media

Frå dokke til animasjon - 5.-7.trinn - Linda Fagerli Sæthren

Magi, blacklight - 5.-7.trinn - Molde kulturskole -  kan bestillast av skular i Molde, Fræna og Aukra

Medaljongen (historie- og skriveverkstad) - 5.-7.trinn - Olla Rypdal

RISS grafikkverkstad - 5.-7.trinn - Anita Tjemsland og Solveig Landa (NY)

Streetart verkstad med Peacetu - 5.-7.trinn - Rodrigo V. Lisboa Souza (NY)

Jernalderkoffert - 6.trinn - Musea i Møre og Romsdal

 

Verkstader frå mellomtrinn opp til ungdomsskule (5.-10.trinn):

Studiotegning - 5.-8.trinn - Molde kulturskole - kan bestillast av skular i Vestnes, Rauma, Midsund, Eide, Nesset, Molde, Fræna, Aukra og Gjemnes.

Breakdance - 5.-10.trinn - Sergey Pidoprygora 

Capoeira-verksted - 5.-10.trinn - Molde kulturskole - Verkstedet tilbys Molde, Vestnes, Rauma, Aukra, Midsund, Fræna, Eide, Nesset og Gjemnes.

Ei innføring i animasjon – 5.-10.trinn - Linda Fagerli Sæthren

Folkesong og folkedansverkstad - 5.-10.trinn - Åkerfallskulen

Over streken tegneserieverkstad -  5.-10.trinn - Geir Moen (NY)

Grindbygg - 7.-10.trinn - Musea i Møre og Romsdal

Låtskrivarverkstad på norsk - 7.-10.trinn - Kulturskolen på Indre Nordmøre - kan bestillast av skular på Nordmøre og i Romsdalsregionen

Poesibilen - 7.-10.trinn - Endre Ruset, Ted Granlund og Joakim Kjørvik

Schwitters på Romsdalsmuseet - 7.-10.trinn - Romsdalsmuseet

 

Verkstader for ungdomsskule:

Danseverkstad med Freestyle PHanatix - 8.-10.trinn  

Dokumentarfilmverkstad - 8.-10.trinn - Frost media 

Forteljarverkstad - 8.-10.trinn - Anne Hungnes

Jakta på kjeldene  - 8.-10.trinn - Svein Sæter

Musikkvideoverkstad - 8.-10.trinn - Nima Taheri/Son of light

Nesten helt sant – 8.-10.trinn  - Jon Vatne og Finn Egil Walther

Oh Mama DJ-verkstad - 8.-10.trinn - Oh Mama Crew (NY)

Rapverkstad - 8.-10.trinn - Son of light/Petter Langfeldt

Tradisjonsmat, 8.-10.trinn - Stiftinga Sunnmøre Museum

Unge stemmer, hvordan finne sitt eget uttrykk innen kortfilm – 8.-10.trinn – Gjermund Gisvold 

Korverkstad - 3.-6.trinn og 9.-10.trinn - Molde kulturskole - kan bestillast av skular i Vestnes, Rauma, Midsund, Eide, Nesset, Molde, Fræna, Aukra og Gjemnes.

 

Det er viktig at de studerer nøye innhaldet i verkstadane før de bestiller: Maks antal elevar pr verkstad, pris og kor lenge verkstaden varer.

Legg også merke til det geografiske området som dei ulike produksjonane kan turnere i.

Endeleg melding om kva for tilbod frå Kulturlauget som kjem til kvar enkelt kommune blir gitt i god tid før fristen for å sende inn kommuneplanane går ut, slik at det blir samsvar mellom planen og tildelinga frå Kulturlauget.
 

KLIKK HER FOR Å KOMME TIL BESTILLINGSSKJEMAET.


De må fylle ut eit skjema pr verkstad - men dersom de vil ha fleire av same verkstad, held det at de skriv rett elevtal som skolen ynskjer å ha med på verkstad. Vi vil då sette opp det antalet verkstader som skal til ut frå maks elevtal pr verkstad.

Ta gjerne kontakt dersom det er noko som er uklart!

 

Morgenfugl og murmeldyr - verksted for 1.-3.trinn

Morgenfugl og murmeldyr - verksted for 1.-3.trinn

Jernalderkofferten

Jernalderkofferten

Stiftinga Sunnmøre Museum

Unge stemmer - kortfilmverkstad med Gjermund Gisvold

Unge stemmer - kortfilmverkstad med Gjermund Gisvold

Foto: Geir Mogen

Låtskrivarverkstad på norsk

Låtskrivarverkstad på norsk

Kulturskolen på Indre Nordmøre

Breakdance med Sergey

Breakdance med Sergey

Foto: Sergey Podoprygora

Tradisjonsmat

Tradisjonsmat

Lefsebaking

Stiftinga Sunnmøre Museum

Det var en gang (en eventyrmusikal)

Det var en gang (en eventyrmusikal)

Ålesund kulturskole