mr

Kokebok for kulturkontakten på skulen og Kommunekontakt

Råd og tips om arbeidet med Kultursekken på skulen

Hanne Brakstad @ Møre og Romsdal // 10.09.08

Kulturkontakten på skulen er den viktigaste brikken for at Kultursekken blir positive opplevingar for elevar og lærarar.

Samspelet og informasjonsflyt mellom skulen og formidlingsseksjonen er avgjerande for kor vellukka innhaldet i Kultursekken blir. Difor legg vi ut ei oppdatert "kokebok" til hjelp i arbeidet med Kultursekken. Her står ansvarsfordeling, sjekklister og forventningar til kva skulen og kommunen skal bidra med. Kokeboka finn de som lenke heilt nederst.


KORTFATTA SJEKKLISTE FOR KULTURKONTAKTEN PÅ SKULEN
Denne sjekklista bør vere kjend for heile personalet, spesielt for rektor.

 

INFORMASJON 
Kulturkontakten har ei særs viktig rolle som formidlar av informasjon, både ovanfor Kulturavdelinga og på eigen skule.

  • Oppdater timeplanar og elevtal i KSYS. 
  • Sjekk nettsida www.kultursekken.no og eigen e-post
  • Informere vaktmeister, leiing osb om tilboda som kjem
  • Informere elevane om tilboda slik at dei er førebudde

KONTAKT MED UTØVERANE 
Utøvarane tek kontakt på førehand for å avklare tekniske premissar som til dømes bærehjelp, publikumsoppsett, spesielle behov ved skulen osb.

På arrangementsdagen må kulturkontakten sørge for:

  • Ta imot utøvarane, bærehjelp og vaktmeister er oppmøtt
  • Vise utøvarane til spelestad, vise dei garderobe og lærarrom
  • Sørge for at utøvarar får kaffe/te/vatn
  • Presentere utøvarar for dei andre tilsette
  • Sørge for at utøvarar blir ønskt velkomne før framsyning
  • Hugs å takke utøvarane etter endt framsyning
  • Hugs at det alltid skal vere lærarar tilstades under framsyningane. 

KORT SJEKKLISTE FOR KULTURSEKKOPPLEVING 

  • Treng utøvarane bærehjelp?
  • Er spelelokalet ledig?
  • Kor lang riggetid har utøvarane?
  • Skal det vere blending i lokalet?
  • Er temperaturen i spelelokalet ok?
  • Er det nok tilgjengeleg straum?
  • Korleis skal publikum plasserast?
  • Ved anna spelelokale enn skulen; har kommunekontakten bestilt lokale (kulturhus/kino)
  • Ved anne spelelokale enn skulen; er det organisert transport av elevane?

 

Når kulturkontakten sluttar, går ut i permisjon, blir sjukemeldt osb:
Formidlingsseksjonen må få beskjed om kven som tar over ansvaret! 
Kulturkontakten er ansvarlig for kunnskapsoverføring til ny kulturkontakt og oppdatering av KSYS.

For meir detaljert informasjon, last opp kokeboka her: KOKEBOK