mr

Kultursekken - generell info

Kultursekken er et samlebegrep for satsinga på kulturformidling i barnehage, grunnskole og den videregåande skulen i Møre og Romsdal. Kultursekken vert realisert gjennom ei abonnementsordning for kommunane, gjennom bestillingsordninga Kulturlauget, samt gjennom kommunane sine lokale Kultursekkplanar.

Kultursekken er Møre og Romsdal fylke sitt svar på Den kulturelle skolesekken - eit nasjonalt tiltak for å satse på kultur i barnehage, grunnskolen og den videregåande skulen. DKS er finansiert av spelemidlar som vert fordelt til fylkeskommunane i landet.
 

Arbeidet med Kultursekken skjer etter nasjonale føringar som vert gitt i tildelingsbrevet frå Kulturdepartementet.
 

Måla for ordninga er:

  • å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
  • å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag
  • å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål


Alle dei 36 kommunane i Møre og Romsdal deltek i ei abonnementsordning for som sikrar alle skolane profesjonelle kulturtilbod innan eit breitt spekter av kulturuttrykk. Kommunane betaler ein eigendel på 90,- pr elev pr skoleår. 23 kommunar er med i pilotprosjektet Kultursekk i barnehage, og eigendelen er der 60,- pr barn pr barnehageår.
 

Kulturlauget er ei bestillingsordning for skolane der skolane kan bestille verkstader med profesjonelle fagfolk innan eit breitt spekter av kulturuttrykk. Kommunane betaler ein eigendel pr verkstad som utgjer ca 50% av dei samla utgiftene. 4 av kulturskolane i fylket er også leverandør av verkstader som skolane kan bestille gjennom prosjektet Kulturlauget - Den kulturaktive eleven. Kultursekken samordnar bestillinga av alle verkstadane.

 

Logo Kultursekken

Logo Kultursekken