Tilbake
Sissel Stangenes
Skriv ut

Eg er eit hus

"Eg er eit hus" er ein skapande malarverkstad der deltakarane arbeider saman med kunstnaren om å løyse ei oppgåve. Det handlar ikkje om prestasjon, men leik og undring for å oppdage noko om seg sjølv gjennom eigen kreativitet og skaparkraft. Her får elevane møte kunstnaren på verkstaden i ein arbiedsprosess og får erfaring i å ta opp impulsar som oppstår undervegs i arbeidet. Samarbeid med andre er viktig på ein kunstverkstad. Elevane kan velje å arbeide aleine med eigne bilete, eller saman med andre om eit større arbeid - "Eg er eit hus i ein by".

Bileta skal knyttast opp mot identitet - spegle den vi er, det vi kjenner at vi er, eller det vi helst vil vere. Eller kanskje staden vi har flytta ifrå, staden der vi bur no eller staden der vi gjerne skulle bu. Kvar elev måler sitt hus; Er eg eit einsamt hus? Eller eit trist hus? Eller er eg eit hus fullt av glede og lys?

Ein verkstadsdag inneheld verkstad for to grupper a 25 stk der kvar gruppe arbeider i to skoletimar. 50 elevar kan altså få tilbod i løpet av ein verkstadsdag.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Sissel Stangenes
  • Produsent: Kulturkvartalet og Kultursekken i Møre og Romsdal
  • I samarbeid med: Kulturkvartalet og Kultursekken i Møre og Romsdal
  • Idé/ opplegg: Sissel Stangenes

Om kunstnar / utøvar / gruppe