Tilbake
Domkirkeoddens fotoarkiv, Aaserud, Ivar Domkirkeodden
Ukjend
Lene T.Mordal
Skriv ut

Langt inn i skogen den grønne

Alf Prøysen er blant våre mest kjende forfattarar av viser, noveller og dikt. I 2014 var det hundre år sidan han vart fødd på husmannsplassen Prøysen i Hedmark! Mange barnehager og skoler nytter Prøysen sitt materiale, og i denne produksjonen vil vi friske opp nokre av skattane han har laga. Rensk stemma og førebu dykk på allsong! Og ver obs - det lurar ein pelskledd medspelar til i denne konserten som har sin heilt, eiga vilje ...

Lærarrettleiing

Syng med på konserten + tips til Prøysen-aktivitet

FOR BARNEHAGEN: Barnehagen kan førebu desse songane: Lille Måltrost, Soltrall, Nøtteliten, Hompetitten. Sjå songtekstene til høgre på sida.

FOR SKOLEN: Skolen kan førebu desse songane:
Lille Måltrost, I bakvendtland, Hompetitten, Nøtteliten og Mari du bedåre (vekselsang gutar og jenter).Sjå songtekstene til høgre på sida.                                     

For både skole-og barnehageversjonen går det an å lære eitt eller fleire vers, eller berre refrenget.                              

På NRK Super kan de også sjå to teiknefilmer med to av "våre" songar (klikk på linken): I bakvendtland   Nøtteliten

LÆREPLANMÅL: Lag ein eigen Prøysen-konsert!

I musikk-delen av Kunnskapsløftet ligger det ei forventning om at elevane skal framføre sjølv. Også Rammeplanen for barnehager  leggjer vekt på skaping i pkt.2.6 Barnehagen som kulturarena: Barnehagen skal formidle verdier og kultur, gi rom for barns egen kulturskaping og bidra til at alle barn får oppleve glede og mestring i et sosialt og kulturelt fellesskap.

TIPS:  Som eit konkret forslag, kan skolen eller barnehagen lage sin eigen Alf Prøysen-konsert! 

Ein kan t.d. ha tema-konsert om dyr, jul, skolen, årstider eller det å vere barn. Ein kan velge enklaste variant - å framføre songane som gruppe med enkelt akkopagnement, eller gjere ei framsyning ut av det med kostymer, scenografi,  enkelt manus, konferansier og rekvisitter.

Skolen kan også involvere elevane frå 5.-7.trinn til dette, foreldre og/eller kulturskole. Det er eit rikholdig materiale i sangbøker, små historier og rim/regler av Alf Prøysen.

Kvifor?

-Elevane får trening i å framføre og presentere for andre           -Elevane får brukt erfaringar og kunnskap i ein heilskapleg produksjon
-Elevane får trening i samarbeid med andre og i å respektere kvarandre sine sterke og svake sider
-Ved involvering av føresette, kan samarbeid mellom heim og skole bli styrka
-Gode opplevingar styrker skolen sitt læringsmiljø og sosiale miljø
-Skolen vil opparbeide rutiner og erfaringar for utvikling av prosjekter mellom skolen, kulturskolen og frivillige lag/foreiningar

Musisere: 1.-2.årstrinn og 3.-4.årstrinn:" delta i framføring med sang, samspill og dans"  og "framføre sang, spill og dans i samhandling med andre". Grunnleggende ferdigheter:
Å kunne uttrykke seg muntlig i musikk innebærer å synge, komponere ved å eksperimentere med stemmen og delta i samspill og vokal framføring. I tillegg dreier det seg om å kunne sette ord på hva en hører og selv ønsker å uttrykke og å formidle egne musikkopplevelser og refleksjoner om musikk som fenomen.

LUKKE TIL MED PRØYSEN-KONSERT!

Om utøvarar og produsentar

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Beate Mordal er songar og Møremusikar. Ho syng klassisk musikk og elskar opera, men i denne konserten syng hos også visene til Alf Prøysen.  Beate er frå Molde men bur i København, der ho har studert. Vi får bruke henne over heile fylket når ho er i Noreg.

Asgeir er pianist og Møremusikar i Molde. Asgeir likar å spele både klassisk og rytmisk musikk, han komponerar musikk sjølv, og likar å spele både aleine og saman med andre. Asgeir har jobba med kor, vore på fleire turnear og undervist mange hundre elevar i pianospel!

Jøran er også Møremusikar, og bur og arbeider i Ålesund. Jøran  likar både å spele klassisk musikk, Klezmermusikk, og å synge! Korpsa er veldig glade i Jøran, for han hjelper dei ofte med å dirigere og å lære dei vanskelege låtane for dei ulike instrumenta.