Tilbake
Skriv ut

Harlekins farfar

Karin Augusta Nogva er veldig glad i papir! Papir kan ha mange ulike kvalitetar og brukast til så mykje! Tjukt og mjukt papir kan bli til ein fin kjole med harlekinmønster. Stivt papir kan bli til ei bok der Karin kan gøyme små papirklipp som ho har arbeidd med lenge. Når ho bretter ut boka, blir boka ein stjerneskulptur. Stjerna blir eit lite galleri der ho kan vise fram papirklippa ho har laga. Kvart klipp er eit lite kunstverk, eit utskore og gjennomskineleg bilete som gøymer noko endå skjørare enn det tynne og utskorne papiret; minna om farfaren hennar.

Lærarrettleiing

Formidlinga - i stikkord

Introduksjon om kunstnaren som biletkunstnar. Kunnskap og forteljing om papir. Korleis man lagar papir, og ulik framstilling og tankar om papir i Vesten i forhold til Austen. Barna blir kjende med papirkunst, får kjenne på ulike papirtypar og tatt på papirkjolen. Viser korleis eit papirklipp blir til- så fortel ho historia om farfaren.

"Harlekins farfar" er ikkje ei klassisk forteljing med byrjing - midtdel - slutt-struktur, men heller ei samling med episodiske fablar som lever sitt eige liv og står for seg sjølve. Målet er at barn og vaksne skal tenke på dei dei har rundt seg, gjerne besteforeldre, og reflektere over sine eigne historier.  Til historiene har ho laga små papirklipp. Det er ein teknikk ho sjølv har utvikla over mange år.  Desse papirklippa er då bileta / illustrasjonane til forteljinga. Ho fortel desse historiene ved hjelp av papirklipp på lysbord.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • I samarbeid med: Kunstmuseet KUBE

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Her kan de lese om kunstnaren! https://www.karinnogva.no/