Tilbake
Ivar Aasen-tunet
Ivar Aasen-tunet
Ivar Aasen-tunet
Ivar Aasen-tunet
Skriv ut

Snakk om språk

«Snakk om språk» er eit scenisk formidlingstilbod for ungdomstrinnet der dei norske dialektane og det norske skriftspråket er tema. Målet er å dele kunnskap og skape undring og engasjement rundt det språklege mangfaldet vi lever i og språkval ein gjer.

Elevane får møte to profesjonelle skodespelarar som er opptekne av språk, korleis vi snakkar, korleis vi skriv, i kva grad språket vårt er i endring og i kva grad språket vårt blir påverka av samfunnet rundt oss. Framsyninga er leiken og underhaldande og utøvarane illustrerer språket vårt gjennom ulike rollefigurar. Elevane blir inviterte inn i samtalen der dei kjem inn på eigne haldningar til språk. Dei diskuterer dialektbruk, språkhistorie, skriftspråksituasjonen, språkendringar, språk og makt og språkleg vane.

Målet er å skape refleksjonar kring språk og det å vere språkbrukar, gjere elevane bevisste på at språk er viktig! Språk heng saman med identitet og det er viktig at ungdom er bevisste dei språkvala ein gjer.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Produsent: Ivar Aasen-tunet
  • I samarbeid med: Nynorsk kultursentrum
  • Idé/ opplegg: Ivar Aasen-tunet

Om kunstnar / utøvar / gruppe