Tilbake
Frode Pilskog/Sunnmøre Museum
Skriv ut

Førstereis med Storeggen

I 1861 seilte to svenske skøyter inn på Ålesund hamn. Dei svenske fiskarane hadde vore ute på fiskebanken Storegga, og skøyta var stappfull av fisk. Slik byrja eventyret om korleis sunnmøringane tok fatt på eit havfiske som gjorde regionen til leiande innan skipsbygging og Ålesund Norges største fiskerihamn.

Men det var mykje å lære. I opplegget Førstereis med Storeggen skrur vi tida tilbake til den gongen då bankskøytene vart bygde, låg i hamnene og segla på havet utanfor Sunnmøre. Dette er vår felles historie og bakgrunnen for det samfunnet vi lever i i dag.

Elevane mønstrar på som mannskap, og gjennom arbeid og forteljing blir dei ein del av mannskapet om bord. Skipperen viser førstereisane rundt på skøyta, og dei må kveile tau, skrubbe dørken, måle djupna, lese kompass, eigne liner og heise segl. Etter arbeidet på dekk går vi under dekk. Her møter dei stuerten som allereie har vore på mange turar med Storeggen, og som har litt av kvart å fortelje om både livet om bord og mystiske vesen ute på havet. Det kan vere lurt å høyre godt etter for den som kan tenke seg å leve sjølivet. 

Læreplanmål

Relevante kompetansemål etter 4. trinnet:

Beskrive landskapsformer og bruke geografiske nemningar i utforsking av landskapet nær skole og heim.

Peike ut og orientere seg etter himmelretningar og gjere greie for kvifor det er tidsskilnader.

Finne informasjon om og presentere eigen familie for ein eller to menneskealdrar sidan, og fortelje om korleis levevis, levekår og kjønnsroller har endra seg.

Kjenne att historiske spor i eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Stiftinga Sunnmøre Museum