Tilbake
Eirik Slyngstad
Sigve Knardal
Skriv ut

Hanne Kolstø

Hanne Kolstø (født 13. mars 1981) er ein norsk artist og låtskrivar opprinneleg frå Sykkylven. Musikken hennar er inspirert av mange ulike sjangre.

Kolstø slo igjennom i 2011 med albumet Riot Break, etter at Morgenbladet sin kunstkritikar Tommy Olsson skreiv i ei anmelding at «hun er bedre enn Beatles». Kolstø har gitt ut eitt album i året sidan det, der fire av dei har blitt nominert til Spellemannprisen. På alle utgivelsane har ho samarbeidd med produsent Øyvind Røsrud Gundersen. 

Les Aftenposten si anmelding av den siste plata FARE 2018): https://www.aftenposten.no/kultur/i/QlyRQV/Hanne-Kolsto-Sterk-pa-egne-veier

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Hanne Kolstø gikk ut av Universitet i Agder, Avdeling for Kunstfag, Musikkonservatoriet i 2009 med en bachelorgrad i utøvende rytmisk musikk. Her var hun blant annet aktiv i de tre bandene Post, Love:Fi og Thelma & Clyde.

Post kom til finalen i Norsk Jazzforum sin konkurranse Jazzintro i 2008.

Postrockbandet Love:Fi og trip hop-duoen Thelma & Clyde ga begge ut sine debutalbum i 2009, mens jazzpoptrioen Post kom ut med sin i 2010.

Kolstø skrev tekst og melodi til alle disse albumene.

Utgivingar:

  • Fare (2018)
  • Fest Blikket (2016)
  • Live at Tøyenkirken (2015) 
  • While We Still Have Light (2015) 
  • Forever Maybe (2014) 
  • Stillness and Panic (2013) 
  • FlashBlack (2012) 
  • Riot Break (2011)

https://www.hannekolstoe.com/