Tilbake
Kongen av Spitsbergen
Midt under den andre verdskrigen blir eit stort stykke Norge frigjort frå Nazi-Tyskland. Det er Svalbard. Operasjon Fritham blir leia av Einar Sverdrup, som sjølv blir drepen under kampane.
«Kongen av Spitsbergen» er historia om livet til Einar Sverdrup: om det unge Norge, om Svalbard, om galskapen i å drive gruver i Arktis, om kamp mot nazismen og om den ukjente frigjeringa.
Kåseriet byggjer på boka med same tittel. Forfattaren Svein Sæter fortel den sterke historia med støtte i unike fotografi og filmopptak.
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
- Kunstnarar / grupper: Svein Sæter